Å jage ein hjort i døden - bokpresentasjon ved Svanhild Amdal Telnes

Om arrangementet

Å jage ein hjort i døden - bokpresentasjon ved Svanhild Amdal Telnes

Nok ein forfattar frå Seljord som er ute med ny bok! Svanhild Amdal Telnes er klar med boka "Å jage ein hjort i døden". Om den skriv forlaget: "Med stor skaparkraft og poetisk stødig hand teiknar forfattaren eit portrett av ei ung jente i uvanlege omgjevnadar. Å jage ein hjort i døden er ei samling dikt om slit og svolt, men òg om samhald og kjærleik, om å ville overskride for å overleve, og om kor skjørt og utsett livet er for dei som vel å leve isolert."
Svanhild debuterte i 2018 med diktsamlinga "Om nettene brukar mor dråpeteljar" som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Denne kvelden er ho heime for å presentere nytt stoff.
Arr. Seljord bibliotek.