Ånon Egeland & Ottar Kåsa

Billetter

Om arrangementet

Korleis var hardingfeleslåttane før "myllartida"? Notesamlinga etter Gregar O. Nordbø (1856-1940) kan gje oss ein peikepinn om det. Ånon Egeland spelar slåttane slik Nordbø teikna dei ned, og Ottar gjev oss den moderne utgåva.

Ånon Egeland og Ottar Kåsa er to briljante, meritterte og særmerkte hardingfelespelarar, og treng vel knapt noen introduksjon på Rauland. På denne konserten tek dei for seg den verdfulle notesamlinga etter Gregar O Nordbø (1856-1940). Her fær me ein spanande glimt inn i slåttesrepertoaret i Bø midt i Myllartida, ja kanskje før det – sume av kjeldene er fødde på 1700-talet. Knappe, melodiske slåttar blir stilde opp mot dei moderne motstykka av i dag. Dette fortel korleis hardingfelemusikken har utvikla seg de siste 200 åra.