Granvin kulturhus, bibliotek og Sterke-Nils senteret stenger

All aktivitet på Granvin kulturhus opphøyrer frå torsdag 12. mars klokka 14:00.

Dette er gjort etter samtale med kommunelege 1. og etter følgande vedtak fatta av Helsedirektoratet. Førebels er Granvin kulturhus stengt til over påske og det gjeld for all aktivitet på heile huset.

 

Helsedirektoratet fatter videre med hjemmel i smittevernloven § 4-1 andre ledd vedtak om forbud mot/stenging av:

  • Kulturarrangementer
  • Idrettsarrangementer og organisert idrettsaktivitet både innendørs og utendørs
  • Alle virksomheter i serveringsbransjen med unntak av serveringssteder der det foregår servering av mat, det vil si kantiner og spisesteder som kan legge til rette for at besøkende kan holde minst 1 meters avstand. Servering av mat skal ikke skje som buffé. Serveringsbransjen omfatter restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssentre
  • Virksomheter som tilbyr frisørtjenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, hulltaking (piercing) og liknende
  • Svømmehaller, badeland og liknende

 

Så lenge Granvin kulturhus er stengt er det ikkje lov for nokon å ta seg inn på Granvin utan avtale med dagleg leiar, sjølv om du skulle ha nyklar.
Har du spørsmål eller det er noko du lurar på i samband med stenginga så ta kontakt med dagleg leiar.
Vi på Granvin kulturhus opplever eit stengt kulturhus som veldig leit og tenkjer på alle dei flott arrangementa som skulle ha vore her denne våren. Vi hadde gleda oss sånn til å møte deg som gjest ved kulturhuset og vise kva vi er og står for. Men vi er opp i ein ekstraordinær situasjon og då må alle gjere det som krevjast for å hindre spreiing av COVID-19. Vi ønskjer alle brukarar og besøkjande velkommen tilbake når vi opnar dørene på kulturhuset igjen.

Har du kjøpt billett til ein av Riksteatrets førestillingar i vår vil de bli refundert. Har du kjøpt på nett så skjer det automatisk. Har du kjøpt billett på kulturhuset må du gjere ei avtale med dagleg leiar og levere billettane fysisk. Har du ikkje billett, får du ikkje refusjon. Du må signere på eit skjema og så vil beløpet bli overført til din konto.

 

  
På vegne av alle tilsette og styret i Granvin kulturhus

 

Publisert
11. mars 2020
Skrevet av
Geir Jensen