Granvin kulturhus søkjer etter kulturansvarleg

Kulturansvarleg

Vi har ei ledig stilling som kultur- og kioskansvarleg ved Granvin kulturhus i Seljord. Fast 50% med moglegheit for ekstra jobbing ved arrangement og kino. Ved å skape inntektsbringande arrangement og aktivitetar kan dette bli opp mot ei full stilling. «Make your own luck»

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og drifte
    • Det kulturelle tilbodet.
    • Kurs og møter
    • Servering
  • Ansvar for kjøkken og kiosk
  • Drift av sosiale medier, markedsførings materiell og digital markedsføring

Fylgjande kvalifikasjonar er ønskeleg

  • Det er ønskeleg med utdanning på høgare nivå
  • Arrangementserfaring og/eller relevant kulturerfaring
  • Litt teknisk innsikt i forhold til lyd, lys, bilde
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode kunnskapar om SoMe

Personlege eigenskapar

  • Interessert i kultur og menneske
  • Kontaktskapande og god på samarbeid
  • Serviceinnstilt
  • Initiativrik og kreativ
  • Sjølvstendig
  • Gjennomføringsevne
  • God skriftleg nynorsk framstillingsemne.

Vi kan tilby

  • Variert og spennande arbeidsdag
  • Gode pensjonsordningar i Storebrand (5%, der arb. gjevar betalar 3%),

samt Gruppelivforsikring og Behandlingsavtale Plus

 

Stillinga vil medføre noko kvelds- og helgejobbing. Løn etter avtale.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Geir Jensen. Søknad og CV sendast til geir@granvinkulturhus.no  innan 24. september 2021

 

Publisert
31. august 2021
Skrevet av
Geir Jensen