Har du lyst til å jobbe i treningsbransjen?

Sterke-Nils senteret er ein avdeling ved Granvin kulturhus as som er Seljords storstove og møteplass for mange kultur- og idrettsarrangement.

I dag er det 8 fast tilsette på huset, i tillegg til fleire ekstrahjelper og instruktørar. Sterke-Nils senteret er eit flott treningssenter med styrkerom, spinningsal  med iQniter, gruppesal og squashhall. Det er 15 instruktørar knytta opp til senteret.

www.sterkenils.no        

Treningssenteransvarleg 100% stilling

Sterke-Nils senteret ser etter deg som er sjølvstendig, utåtvend, løysingsorientert, fleksibel og service innstilt.

Vi kan tilby ein variert og spennande arbeidskvardag i et aktivt og positivt miljø.

Arbeidsoppgåver

  • Gruppetimar og ansvar for instruktørane
  • Medlemshandtering og oppfølging. Lage treningsprogram med meir
  • Resepsjonsarbeid
  • Ansvarlig for sosiale medier, markedsførings materiell og digital markedsføring
  • PT og ansvar for PTar
  • Utvikling av nåverande treningstilbod

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan trening
  • Erfaring frå treningsbransjen
  • Må beherske pc og digitale verktøy
  • Kan handtere sosiale media og lage marknadsførings materiell
  • Resultatorientert

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode kontaktskapande eigenskapar
  • Evne til nettverksbygging og samarbeid.
  • Initiativrik, kreativ og nyskapande

Vi kan tilby

  • Variert og spennande arbeidsdag
  • Gode pensjonsordningar i Storebrand (5%, der arb.gjevar betalar 3%),

samt Gruppelivsforsikring og Behandlingsavtale Plus

 

Stillinga vil medføre kvelds- og noko helgejobbing. Løn etter avtale.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Geir Jensen 901 57 104. Søknad og CV sendast til post@sterkenils.no  innan 10. september 2021.

Publisert
18. august 2021
Skrevet av
Annar