Burns på dialekt: «Alt som eingong va´»

Billetter

Om arrangementet

Dikt av den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns har blitt omsett til klingande Vest-Telemarkdialekt. Kvedarane Åsmund Nordstoga og Ingebjørg Lognvik Reinholdt, den skotske felespelaren Sarah Jane Summers, gitarist Juhani Silvola og bassist Morten Kvam kan love nye friske arrangement med skotske folketonar og slåttar – alt på vest-telemål.

Peter Fjågesund har omsett ei stor mengde av Burns sine dikt. Fjågesund  fortel her sjølv kvifor han har valgt akkurat Vest-Telemarkdialekten:

«Burns har i hovudsak vore omsett til standard skriftspråk, om enn hovudsakeleg til nynorsk. Men Burns skreiv på dialekt, og bruken hans av dialekt var eit viktig «statement» for å gje prestisje og kraft bak språket til vanlege menneske, som sto utanfor den kulturelle eliten. Dette var faktisk eit hovudbodskap i heile romantikken, og Burns var ein av nybrotsmennene for denne tanken; han er ein periferiens mann som lyfter fram periferiens kultur i konkurranse med sentrumskulturen.

I tillegg tok han alltid utgangspunkt i den skotske folkemusikken, i både tekst og melodi, dvs. i den musikalske dialekten som han hadde under huda. Difor er han ikkje fyrst og fremst den store originale diktaren, men han gjorde det meisterstykke å vidareutvikle ein folkeleg poetisk-musikalsk tradisjon i den grad at han kunne sende den tilbake til folket, som ein ny og forbetra folketradisjon, som lever på folkemunne den dag i dag. Dette har ikkje tidlegare omsetjingar teke tilstrekkeleg høgde for. Difor er dette Burns-prosjektet annleis, og etter vår meining meir slik Burns ville ha ynskt det.

I tillegg er ikkje valet av Vest-Telemark-dialekten heilt tilfeldig. Vest-Telemark fostra ein diktar som ikkje berre i mangt minner om Burns, nemleg Aasmund Olavsson Vinje; han gjorde òg nokre små freistnader på å omsette Burns til det målet som tilsvarer den skotske språkdrakta hans: eit dialektbasert folkespråk. Difor er dette prosjektet både del av ein redningsoperasjon for dialektane og for nynorsken, og samstundes for dialekten i Vest-Telemark; det ynskjer å vise at dialektane har lyriske kvalitetar som dei etablerte skriftspråka manglar, særleg i møte med litteratur og kultur som nett har eit folkeleg opphav. I siste instans er det Robert Burns som gjer det mogleg for norske pop-, vise- og folkesongarar å nytte dialekten sin utan å skamme seg! Han er kort sagt gudfaren til den dialektbaserte populærlitteraturen.»

 

Konserten er støttet av FFUK, Norsk Kulturfond og Vestfold og Telemark Fylkeskommune.