DRAUM - Soga om gygrene Tårån, Glima & Ljose-Signe

Om arrangementet

DRAUM - Soga om gygrene Tårån, Glima & Ljose-Signe

Eit nytt møte med soga om gygrene i Seljord

Ei ny dramatisk sceneframsyning basert på diktet DRAUM av Sigurd Nes (1846–1915) og dei tre hardingfele-komposisjonene av Torkjell Haugerud (1876–1954) - om gygrene Tårån i Tråppin, Glima og Ljose-Signe som heldt til i fjella rundt Flatdal i Seljord.

Dei tre gygrene kjem til nytt liv gjennom skodespelarane Hæge Manheim og Ingebjørg Buen, og kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt, medan Anne Svånaug Blengsdalen, Ragnhild Knudsen og Torunn Raftevold Rue står for musikken.

Legenda fortel at Olav Digre (Olav den heilage) var i Seljord på kristningsferd og fekk bygd ei kyrkje, og lyste då dei tre gygrene i bann. I denne framsyninga møter me Tårån i Tråppin i Skorve, Glima i Rupedalan på Mælefjell og Ljose-Signe i Bindingsnuten når dei vaknar opp etter fleire hundre år, og ser alle endringar – verda er ikkje som før og korleis taklar dei det?

Diktet skildrar striden mellom den gamle og den nye tid. Dei tre gygrene reagerar ulikt; Tårån kjenner at verda hennar er invadert, Glima resignerar, medan Ljose-Signe vil blande det gamle med det nye. DRAUM er ei historie med tidlaus tematikk og heftig dramatikk – det handlar om livssyn og verdiar, som stadig er årsak til konfliktar og krig – også i vår tid – 150 år etter at Sigurd Nes blei inspirert til å skrive DRAUM!

Forestillinga varer i 50 minutt.

Medverkande:

Hæge Manheim – Tårån
Ingebjørg Buen – Glima
Ingebjørg Lognvik Reinholdt – Ljose-Signe
Anne Svånaug Blengsdalen – hardingfele/lyre/ Tårån
Ragnhild Knudsen – hardingfele/ Glima
Torunn Raftevold Rue – hardingfele/ Ljose-Signe

 

Hans Inge Hagen – dronefilm

Regi og koreografi: Ingebjørg Buen og Stian Bergdølmo

----- 
Foto: Knut Utler