Furiosa: A Mad Max Saga

Om filmen

Originaltittel: Furiosa: A Mad Max Saga

Premiere: 2024-05-24

Varighet: 2t 28min

Sjanger: Action, Thriller, Drama

Aldersgrense: 15 år

Originalspråk: Original

Regissør: George Miller

Anya Taylor-Joy og Chris Hemsworth spelar hovudrollene i George Miller sin «Furiosa: A Mad Max Saga», den etterlengta returen til den ikoniske, dystopiske verda Miller skapte med dei banebrytande «Mad Max»-filmane for meir enn 30 år sidan.

Miller kjem no med eit originalt og frittståande actioneventyr som vil avsløre opphavet til den beinharde Furiosa frå den Oscar-vinnande suksessen «Mad Max: Fury Road». Den nye filmen frå Warner Bros. Pictures og Village Roadshow Pictures er produsert av Miller og den mangeårige partnaren hans, Oscar-nominerte Doug Mitchell («Mad Max: Fury Road», «Babe»). Då verda gjekk til grunne, vart unge Furiosa tatt frå the Green Place of Many Mothers og hamna i klørne på ein bikergjeng leia av krigsherren Dementus. Dei feiar gjennom audemarka og kjem over citadellet leia av Immortan Joe. Medan dei to tyrannane kjempar om herredømet, må Furiosa overleve mange prøvingar medan ho samtidig prøver å finne vegen heim. Miller har skrive manuset saman med «Mad Max: Fury Road»-medforfattar Nico Lathouris. Miller sitt kreative team bak kamera inkluderer assisterande regissør PJ Voeten og stuntkoordinator Guy Norris, fotograf Simon Duggan («The Great Gatsby»), komponist Tom Holkenborg, lyddesignar Robert Mackenzie , klyppar Eliot Knapman, rettleiar for visuelle effektar Andrew Jackson og kolorist Eric Whipp. Teamet inkluderer også Miller sine mangeårige samarbeidspartnarar produksjonsdesignar Colin Gibson, klyppar Margaret Sixel, lydmiksar Ben Osmo, kostymedesignar Jenny Beavan og makeupdesignar Lesley Vanderwalt, som alle vann Oscar for arbeidet sitt med «Mad Max: Fury Road». Warner Bros. Pictures presenterer, i samarbeid med Village Roadshow Pictures, ein Kennedy Miller Mitchell-produksjon, ein George Miller-film, «Furiosa: A Mad Max Saga». Filmen vil bli distribuert over heile verda av Warner Bros. Pictures, og kjem på kino 24. mai.