Seljordkappleiken 2021: Minnekonsert for Olaf Bergland

Billetter

Om arrangementet

Minnekonsert for Olaf Bergland

På fredagskvelden ynskjer me å heidre ein spelemann, som for mange i dag vil vera ukjend, men som var sentral i folkemusikkmiljøet i Telemark på 1950-, 60- og 70-talet. Spelemannen det er snakk om heitte Olaf Bergland (1914-1971) og var frå Bergland ytre Seljordshei, men budde mesteparten av sitt vaksne liv på Notodden.
Olaf var ein aktiv kappleiksspelemann, men er kanskje aller mest kjend som dansespelemann og var vidgjeten for sitt framifrå dansespel.
 
Familien til Olaf, ved dottera Marit Bergland Rysstad, sonen Knut Tore Bergland og Erland Tveiti, har i samarbeid med Ta:lik teke initiativ til å gje ut ein CD med opptak av Olaf. På konserten vil den nye CD-en bli lansert. I tillegg blir det både spel og dans av ulike utøvarar for å heidre Olaf Bergland sitt minne.