Lærarbandet i Seljord kulturskule presenterar Kontrastar

Om arrangementet

For første gong kan me her på Granvin presentere ein konsert med sjølvaste lærarbandet til Seljord kulturskole!

Dei fantastiske lærerane har tromma saman eit band for å vise kva dei er laga av, og står for.

 

Det blir hardingfele som brenn frå Ragnhild og det blir blod-dryppande gitarriff & soloar frå heile Noregs Jo Henning

Oddbjørn vil syte for tromming slik at dei høyrer det på den andre sida av kloden.

Vi vil få trompetfanfarer frå Gunn, slik at dei greske gudene blir misunnelege.

Anders sitt saxonfonspiel vi bringe fram tonar som gjer at du ikkje ville sove på fleire nettar.

Ingri Elise vil spela på fløyta si så vakkert at du kjem til å sveve over Seljordsvatnet som i ein draum.

Sigrid vil trollbinde deg med stemma si slik at du får kjenne på kroppen korleis Kivlemøyane lura folk inn i Skorve

 

På toppen av det heile har vi pianovirtuos Tore som blei fostra opp på kaia i Bergen på blåkvalmjølk og  progrock.

Alle desse + dei herlagaste gjester vil gjera sitt til at dette blir den store snakkisen i åra som kjem.