Nattope: Bygdefest

Om arrangementet

Bygdefest på Granvin – tilbake til 80- og 90-talet!

Er du klar for årets mest nostalgiske fest? Torsdag 27. juni gjer me det igjen – og denne gongen slår me saman det beste frå både 80- og 90-talet!

Me snakkar puddelrock, synthpop, Eurodance, Buffalo-sko, Adidas-sportstøy og denim i alle retningar! Me riggar kinosalen om til diskotek, og DJ Øistein står bak spakane heile kvelden – med beats frå både Boney M og Backstreet Boys, A-ha og Ace of Base!

I baren får du eit gjensyn med Gjelstad-kiosken – med burgarar, fattigmann og gode drikker

Dette er festen for deg som hugsar å spola kassettar med blyant, samla på pogs eller berre elskar ei god bygdefeststemning!
Enten du er 18 eller 70+, gjer deg klar for ei reise tilbake i tid du ikkje vil gå glipp av

Billettar i sal no – kjøp på førehand for å sikre deg plass!
Dørane opnar kl. 20:00
Aldersgrense: 18 år
Pris: 250 kr

PS: Kle deg gjerne i 80- eller 90-tals antrekk – det kan nemleg vanke premiar for kveldens beste retrostil!