On the road again - Memory show!

Billetter

Om arrangementet

On the road again. Memory show som tek deg med tilbake til 50, 60 og 70 talet. Med Benny Borg, Lena Bart Aarstad, Ruben Kvåseth og husbandet Memory town med Espen Gjelstad Gundersen som kapellmester. Her kan både unge og gamle mimre til gode gamle slagerar.

Denne konserten er ein del av eit konsept som heiter «UT DØRA» som går ut på å få folk ut heimafrå uansett alder for så å melde seg inn i forskjellige foreningar, klubbar eller lag der som dette måtte passe.

På konserten i Seljord er det Seljord IL fotball, Seljord Jeger & Fisk og Seljord Frivilligsentral som står som arrangører – dei har også fått hjelp av kultur-etaten i kommunen til dette arrangementet der hensikten er å få fram aktivitetane til foreningane gjennom konserten med tanke på å få inn fleire medlemmer/hjelparar.

Nåtidas musikk er ikkje så lett å svelge 100% for oss som er godt vaksne, så med tanke på den tidea vi gjekk ut på dans rundt i nærområda i 60, 70 og 80 åra så er sang og musikk på denne konserten basert på låtar og slagerar frå den tida.  Benny Borg m/gjester vil stå for dette.

Arrangør: Seljord jakt & fiske, Seljord IL fotball og Seljord frivilligsentral.