Riksteatret: Stormfulle høyder

Om arrangementet

Stormfulle høyder Av Emily Brontë

Dramatisert av Rebekka Nilsson

Ei medrivande og vakker historie om klasseforskjellar, hemn og umogleg kjærleik Den foreldrelause guten Heathcliff blir tatt inn av familien på godset Wuthering Heights, og i løpet av kort tid blir han og dottera i familien, Catherine, svært knytt til kvarandre. Den sterke kjensla av tilknyting held seg sjølv etter at Catherine giftar seg med den rike naboen Edgar Linton.

Emily Brontës romanklassikar «Stormfulle høyder» er ei av tidenes største kjærleiksforteljingar. Catherine og Heathcliffs intense kjærleik er tidlaust fascinerande. Her er det ingen heltar. Berre menneske. Drivne av fortviling, hemnlyst og sjalusi. Og av dei destruktive, stormfulle kreftene i naturen.

Mange TV-seriar og filmatiseringar er blitt gjort av «Stormfulle høyder». TV-serien «Normal People» har klare referansar til Brontës verk, og mange har vel høyrt «Wuthering Heights» av Kate Bush?

Med Riksteatret får du oppleve Emma Bones (frå NRKs «Heimebane») og Sverre Breivik (Metteson) som Catherine og Heathcliff i ein moderne versjon av den britiske klassikaren, ei fargerik og musikalsk framsyning om kjærleik og øydeleggjande krefter.

Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause)
Med Emma Bones, Sverre Breivik, Deniz Kaya, Lars August Jørgensen, Mona Huang og Ragnhild Tysse
Regissør: Rebekka Nilsson