Teater Ibsen "Reven, grisungen og konglesugeren"

Om arrangementet

Det er bare å gle seg når vi utforskar Bjørn F. Rørviks hysteriske univers! "Reven, grisungen og konglesugeren" er absurd og surrealistisk, ei gåve til alle som liker denne type humor, både barn frå ca 5 år og oppover, og vaksne.

Den lure, litt loslitte reven og hans lojale og engstelege venn grisen er ute på nye eventyr. Bjørn F. Rørvik (også kjend for Bukkene Bruse i Badeland m.fl.) har nok ein gong skapt ei frodig og absurd historie, full av uskikkelege påfunn og laussluppen humor. "Reven, grisungen og Konglesugeren" er ein historie om å lure og å bli lurt, heilt blotta for moral.

"Reven, grisungen og konglesugeren" handlar om at Reven skal gjera reint i hiet sitt, for der er det forferdeleg svart og fullt av konglar.  For å få jobben gjort, bestemmer han seg for å få fatt i den flunkande nye konglesugaren som fjompenissen Papp akkurat har fått seg. Han får overtalt den beste venen sin, Grisungen, til å hjelpe seg, og saman klarar dei til slutt å få tak i den fantastiske vidundermaskina. Men heilt lett er det ikkje. Det må både list, mørke solbriller og eit forfalska sugekort til før dei endeleg kan få med seg konglesugaren heim. Og kanskje kan den brukes til noko mykje morosamare enn å suge konglea?

Med "Reven, grisungen og konglesugeren" inviterar vi til eit hyggeleg gjensyn i ei varm og humoristisk forestilling som vi håpar vil vera til glede for liten og stor.

 

Kven er Bjørn F. Rørvik?

Bjørn F. Rørvik er født i 1964. Han har vakse opp i Østre Jevnaker på Hadeland, nå bur han på Oppsal i Oslo. Rørvik er ein av våre mest anerkjente barnebokforfattar, og kanskje mest kjent for biletbøkane om Bukkene Bruse sammen med illustratør Gry Moursund, i tillegg til Reven og Grisungen-serien, som er illustrert av Per Dybvig.

Saman med illustratør Ragnar Aalbu står han også bak ein detektivserie for barn om mesterdetektiven Purriot. Han har også laget ei rekke tøysete og lettleste vitse- og gåtebøkar i Leseløveserien saman med illustratør Eivind Gulliksen.

Alle Rørviks bøker er fulle av humor og morosame påfunn, og flere av dei er selt til utlandet.

Før han blei forfattar, jobba Bjørn F. Rørvik med film- og videoproduksjon, som frilanser for lokalavis, kinomaskinist og radiotekniker.

Bjørn kan veldig mykje om fuglar og dyr og likar å reise rundt i Norge.

 

 

 

Medvirkande:

Av: Bjørn F. Rørvik

Illustratør: Per Dybvik

Regissør: Niels Peter Underland

Dramaturg: Bo Anders Sundstedt

Komponist: Raymond Enoksen

Musikalsk ansvarlig: Espen Gjelstad Gundersen

Scenograf: Gjermund Andresen

Skuespiller/koreograf: Jannicke Irwin Abrahamsen

Skuespiller: Andreas Hoff, Rikke Westerlund Lie, Jannicke Abrahamsen, Håkon Moe, Karl B. Steinland

Dåsemikler: Barn fra auditions i Skien, Bø og Tønsberg.