Arbeiderpartiet - The musical
Billetter
Om arrangementet
Fest setebelta: Forfattaren av Min Venn Fascisten er tilbake! Denne gong med ein musikal om Arbeiderpartiet. Bli med på ei turbulent og humpete reise i Arbeiderpartiets historie for å forstå det som i dag er ein intens kamp for å ikkje havne i avgrunnen. Reisa byr på bitande satire og sylkvasse kommentarar, pakka inn i fengande popmusikk i alle variantar.
Vi møter ei gruppe partislitarar frå grasrota i AP, dagen etter eit sviande valgnederlag. Dei fleste er knekt, og alle skuldar på alle. Kvifor har velgarane svikta dei? Arbeiderpartiet - som bygde landet, som gjennomførte dristige reformer, som hele tida har prøva å fordele ressursane rettferdig - kvifor klarar ikkje dei å nå frem til velgarane? Må partiet totalt endre kurs? I så fall i kva for retning? Mot populisme? Nasjonalisme? Spørsmåla er mange.
For kva for visjonar er det egentleg som fungerar i Noreg, i 2021?
Medvirkande:
Lena Barth Aarstad, Lars Sørbø, Samantha Gurah, Mathilde Skarpsno, Eirik Risholm Velle