Riksteatret: Bare Elling

Om arrangementet

Ei ganske morosam historie om einsemd

Elling er endeleg tilbake! Like sår og morosam som alltid – det er berre å glede seg!

Forteljinga om Elling har gått sin sigersgang kloden rundt både som film og teater. Det første teaterstykket om denne engstelege mannen er verdas mest spelte moderne norske stykke. Appellen hans er utvilsamt universell.

No er han tilbake på teaterscenen, med Per Christian Ellefsen og Anne Marie Ottersen i hovudrollane og heilt ny musikk av Lars Lillo-Stenberg. Også denne gongen i regi av Petter Næss, som blei Oscar-nominert med spelefilmen «Elling».

Vi møter Elling 20 år etter vi forlet han i «Elsk meg i morgen». Han har flytta inn i ei sokkelleilegheit hos enkefru Annelore Frimann-Clausen på Grefsen i Oslo. Han er 65 år og saknar Gro Harlem Brundtland, Kjell-Bjarne og mor. Og sjølv om han eigentleg har vore pensjonist heile livet, ønskjer han no å setje spor etter seg. Han vil ikkje lenger vere «ingen». Han vil bli NOKON.

«Bare Elling» er ei morosam og gripande skildring av eit einsamt menneske med mange meningar og sterke nevrosar, som svært mange vil kjenne seg igjen i. Enten du er ein trufast tilhengar av Ingvar Ambjørnsen sitt Elling-univers eller ein nykommar i verda hans, vil du få ei teateroppleving som rører hjartet og får deg til å tenkje. I møte med Elling blir vi alle litt mindre åleine.

Alle landets lærarar kan søke om fribillettar til seg og sin skoleklasse. Søk Riksteaterets billettfond her

Urpremiere i Oslo, Nydalen 29. august 2024
Turnépremiere i Larvik 3. september 2024

Med Per Christian Ellefsen, Anne Marie Ottersen, Anne Regine Ellingsæter og Thomas Bipin Olsen.

Eit teaterstykke av Axel Hellstenius fritt etter romanen «Ekko av en venn» og utvalde Elling-bloggar av Ingvar Ambjørnsen. Regissør Petter Næss. Komponist Lars Lillo-Stenberg. Scenograf og kostymedesignar Dagny Drage Kleiva. Lys- og videodesignar Oscar Frostad Udbye. Lyddesignar Kolbjørn Lyslo. Produsent Anita Basmo Bjørnstad.Produsert av Riksteatret i samarbeid med Oslo Nye Teater.

På turné med Riksteatret til heile landet høsten 2024. Vert spelt på Centralteatret i Oslo 4. januar-1.februar 2025.

Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).