Riksteatret: Don Quijote

Billetter

Om arrangementet

Dei fleste har høyrt om Don Quijote, nokon har kanskje ein gong sett ein film, men dei færraste har lese boka. Ikkje så rart; den er på 2000 sider med 126 kapittel som kvart er ein historie for seg.

Det handlar altså om denne lågadelsmannen som har forlese seg på ridderromanar og som vaknar ein dag fast bestemt om å bli ein ridder sjølv. Boka, 1ste del av den, kom ut i 1605, mange hundreår etter at den siste ridder var lagt i jorda. Ein hadde altså ikkje riddere rekande rundt på 1600-talet.  Don Quijote blir såleis ein raritet i si samtid. Ein mann i utakt med verds rundt seg.

Så kva dreiar romanen seg om?  Kva er temaet? Den som kunne svare på det. Denne romanen handlar fyrst og fremst om fantasiens kraft. Hjå diktaren – og den dikta. Romanen er eit "overflødighetshorn" som trugar med å sprenge sine eigne veggar. Det er ein roman som inneheld alt og litt til. 

I Riksteatrets nye dramatisering av Don Quijote får du komedie på lågaste plan og filosofi på høgaste plan, om kvarandre. Du får sjå den ikoniske skikkelsen gyve laus på vindmøller frå ei svunnen tid, men du skal også få møte han sittande i baren på ein luguber nattklubb i vår samtid. 

Sett deg godt til rette og bli kjend med historiens mest berykta, aparte og elskede radarpar, Don Quijote og Sancho Panza.

Den eine ser det han trur på, den andre trur bare på det han ser. Den eine ser det verkelege som den er, den andre som den burde vera.  

Det kan ikkje bli ana enn ein latterlig tankevekkande kveld i teatret!

På scenen
Jenny Ellegård, Svein Harry Schøttker Hauge, Anne E. Kokkin, Eirik del Barco Soleglad og Patrik Asplund Stenseth

Team
Regissør: Yngve Sundvor, Scenograf: Leiko Fuseya, Lysdesigner: Geir Hovland, Lyddesigner: Gunnar Innvær, Dramaturg: Morten Kjerstad, Produsent: Anita Basmo Bjørnstad og Produsent: Emnet Kebreab

Av Miguel de Cervantes. Dramatisert av Yngve Sundvor.