Riksteatret: «Eg snakkar om det heile tida»

Billetter

Om arrangementet

"Når folk spør meg kvar eg kjem i frå, misforstår jeg med vilje. Jeg svarar Sandefjord. Og når dei spør kvar eg egentleg kjem frå, så svarer eg Bodø."

Fekk ho det som ho ville, hadde dramatiker og forfattar Camara Lundestad Joof slutta å snakke om rasisme for lenge sidan. Ho vil mykje heller skrive romanar om vampyrar i verdensrommet, men enn så lenge må science fiction vente mens Camara rettar oppmerksomheten vår mot virkelegheten - slik den har møtt og formet henne.

I boka Eg snakkar om det heile tida gjev rasisme i Norge eit sannhetsvitne. Gjennom ein serie historiar og betraktningar frå eige liv, skildrar Camara korleis rasismen har infisert kvardagen og tankane hennar. Korleis den har endra måten ho beveger seg i verda, og forheld seg til andre menneske

Innimellom historiane tek vi del i tvilen, og frykten for at alt ho gjer, alt arbeidet ho legg inn, til slutt ikkje er til noko nytte. At det ikkje vil gjera nokon forskjell. Ho ransakar minna. Kva om ho hugsar feil? Korleis skal nokon tru henne då?

Eg snakkar om det heile tida har fått svært gode kritikkar, og blir nå teater for heile landet i Kjersti Horn sin regi.

Sagt om boken: 

"Uttalt og synlig rasisme er de fleste mot, så det Joof ofte fokuserer på er i stedet de små kommentarene, neglisjeringen og tausheten"
Dagbladet (terningkast 5)

"Snakker rett til hjertet mitt. Den river og røsker i huden og pirker i følelsene mine"
VOKS tidsskrift

"Engasjert og sårbart om å vere brun i Noreg. Dette er lettlest strandlitteratur til å bli klok av."
Framtida.no

På scena
Ameli Isungset Agbota, Tani Dibasey og Terese Mungai-Foyn

Team
Regissør: Kjersti Horn, Scenograf, Kostymedesigner: Erika Magnusson, Lysdesigner: Tobias Leira, Lyddesigner: Erik Hedin, Dramaturg: Monica Ifejilika og Produsent: Emnet Kebreab

Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).

 

 

 

 

 

Produsert av Riksteatret.