Riksteatret: Høna, egget og reven

Billetter

Om arrangementet

Det er ikkje så moro å vera Høna når Egget hennar plutseleg blir borte. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg.

Riksteatret byr på ei nyklekka teaterforestilling for dei minste. Her møter du Høna, ei søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av stad på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir ei spanande og verdensomspennande reise.

Undervegs møter dei mange forunderlege eggspertar: ein struttande og streng strutsemor, ein pertentleg og plettfri pingvinfar, ein hær hodelause lus og ein kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøverugar mange egg, men ingen av dei føles heilt rektig.

Høna, egget og reven er ei morsom forestilling om venskap, "tilhørighet" og motgang, og om barn som blir anleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet!

For born frå 4 år og alle vaksne.

På scena
Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine

Team
Regissør: Gunnar Eiriksson, Kostymedesigner, Scenograf: Kathrine Tolo, Scenograf, Videodesigner: Torbjørn Ljunggren, Scenograf, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen og Dramatiker: Nelly Winterhalder

Av Nelly Winterhalder

Forestillingslengde: 1 time (ingen pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 25. feb 2021

 

 

 

 

Produsert av Riksteatret