Riksteatret: Pang!

Billetter

Om arrangementet

Ein absolutt fantastisk komedie

Velkomen til ein morosam kveld med Riksteatret!

Sei god dag til Rolf Pang, ein manipulerande mann som har eit mål – å få kloden til å dreie rundt han.

 

Forfattaren av Pang! seier at han skreiv komedien som ein allergisk reaksjon då Donald Trump blei president. Ein allergisk reaksjon mange nok har følt, og som bare har blitt sterkare og sterkare i takt med at Trumps løgner har blitt fleire og fleire og grovare og grovare.

 

- «Pang!» er ein skarp satire over vår eigen samtid. Ein ellevill komedie som plukkar opp samfunnsaktuelle fenomen. Den er sett saman av mange element, nesten som ein kabaret krydra med situasjonar som er lett å kjenne att. Eg trur alle kjem til å like nokre bitar i denne Twist-posen, seier regissør Peer Perez Øian.

 

Som i alle gode satirar sparkast det i alle retningar.

Rolf Pang er så sjølvsentrert at han tek livet av si eiga syster i moras liv. Det er ikkje plass til andre enn han. Han er det ultimate monster, men foreldra meiner at sonen ikkje kan gjera noe gale – same kor voldeleg han oppfører seg. Unnfallenheten får fatale følger.

 

- Foreldra feigar ut, tar ikkje ansvar. Dei vel å oversjå dei mindre sympatiske trekka ved sonen og plasserar skulda andre stader. Andre som forsøker å seta grenser eller utfordre hans ego, møter Pang med verbale eller fysiske motangrep. Han er skamlaus, narsissistisk, har ingen grenser, seier Øian.

 

Sjølv har forfattaren sagt at han blant ana vil seta søkeljos på det han kaller «et underleg fenomen» - foreldre som blir så blinde for eigne ungars feil, at det heile utviklar seg til ein konkurranse i å framstille sine ungar som spesielle eller spesielt flinke. At ein gut kan gå når han er ti måneder gamal, betyr ikkje at han kjem til å bli ein Mozart, påpekar dramatikaren.

 

Pang! er blitt spela på scener over hele Europa, og endeleg blir det mogleg å oppleve dette kritikarroste teaterstykket med Riksteatret på kulturhusscener over heile landet.
Håpar vi ser deg!

 

På scenen

Espen Alknes, Peiman Azizpour, Bartek Kaminski , Ida Klem, Rebekka Nystabakk og Olav Waastad

 

Team

Regissør: Peer Perez Øian, Scenograf: Olav Myrtvedt, Kostymedesigner: Christina Lovery, Lysdesigner: Kai Roger Havn, Komponist, Lyddesigner: Gaute Tønder, Videodesigner: Eilif Fjeld Teisbo, Koreografisk assistanse: Stian Vikjord Danielsen, Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg og Produsent: Rebecca Mathisen

 

Av Marius von Mayenburg. Oversatt av Øyvind Berg.

Colombine Teaterförlag. Originaltittel: Peng.

 

Forestillingslengde: 1 time 45 minutter (ingen pause).

Produsert av Riksteatret i et samarbeid med Nationaltheatret

 

--

 

Riksteatrets omtale: www.riksteatret.no/pang