Riksteatret PUST

Billetter

Om arrangementet

Ei moderne kjærleikshistorie.

Dei står i køen på Ikea. Eit barn? spør han plutseleg. Skal vi starte ein familie? Hun blir overrumpla. Må ut. Eg treng eit augeblikk, seier ho.

I ein serie lynraske scener blir ein  moderne kjærleikshistorie fortalt. Vi er med gjennom ei samtale som varer livet ut. Det handlar om dei små og store valga vi gjer i liva våre. Replikkane går som ping-pong. Den britiske dramatikaren Duncan Macmillan har sjølv beskrive stykket som ein blanding av stand up, ein dans og ein brytekamp. Det er som å tjuvlytte til ei privat samtale. Det er morosamt og gripande. Lett å kjenne seg att i. Sjølv når verden står på hovudet og kloden ikkje er til å kjenne igjen. 

"Pust" blir sett opp over heile verda, nå sist i London og på Broadway i New York med hovudrolleparet frå The Crown sesong 1-2. I Riksteatrets versjon møter du dei to unge og lovande skodespelarane, Kamilla Grønli Hartvig og Axel Bøyum. Mange vil kjenne Axel fra TV-seriene Heksejakt, Heimebane og Øyevitne. Kamilla er snart aktuell i ein ny serie på HBO Nordic. Ingrid Olava står for musikken og regien er ved Marie Blokhus. 

På scena
Axel Bøyum og Kamilla Grønli Hartvig

Team
Regissør: Marie Blokhus, Kostymedesigner, Scenograf: Katja Ebbel Frederiksen, Komponist: Ingrid Olava, Lysdesigner: Oscar Udbye, Lyddesigner: Nils Wingerei og Produsent: Rebecca Mathisen

Av Duncan Macmillan. Oversatt av Michael Evans

Forlag: Teaterforlaget Colombine

Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 16. sep 2020

Turnépremiere: Kristiansand 25. sep 2020

Produsert av Riksteatret.