Sillejords Præstegjeld på 1700-talet
Billetter
Om arrangementet
Den lokalhistorie interessert seljordingen, Odd Skogheim, har studert gamle skrifter og held foredraget: Sillejords Præstegield på 1700-talet.
Lokalhistoriske kjelder, demografisk utvikling og demografiske kriser.
1700-talet i Norge var prega av kraftig auke i folketalet, høg barnedødelegheit og låg levealder. Den kraftige veksten i folketalet blei brått og brutalt hemma av uår, hungersnaud og stor dødelegheit. Demografiske kriseår - år då antal døde var høgare enn antal fødde - var det mange av på 1700-talet.
Kva med den demografiske utviklinga i Seljord? Slapp dette vesle og avsidesliggande prestegjeldet unna kriseåra? Oppteljing av antal «Døbte» og «Begrafvede» i kyrkjebøkene kan kanskje gje eit klart svar. Dette foredraget er basert på primærkjelder frå Seljord prestegjeld med eit sideblikk på naboprestegjelda Bø, Kviteseid og Hjartdal.
Vel møtt til eit spennande foredrag om korleis Seljord såg ut for 300 år sidan.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Vel møtt!
Arrangementet er gratis og ope for alle. Vel møtt!