Teater Ibsen: Gjengangere
Billetter
Om arrangementet
Bli med når Teater Ibsen setter opp Gjengangere hos oss! Dette tragiske dramaet om enka og aleinemorens oppgjer med si eiga fortid kor Ibsen utforskar tema som arv, miljø, moral og ansvar
Det har gått ti år sidan Kammerherre Alving gjekk bort, igjen står Helene Alving med minna, arven og alle gjengangarane. Ho ser tilbake på eit liv der den borgarlege fasaden ho har opprettheldt skjuler eit liv prega av alkoholisme, utruskap, overgrep og vald. Detta har ho heldt skjult for Osvald, barnet sitt som ho også har sendt bort i ung alder og ho har skjønnmalt historia om hans far.
Då Osvald kjem heim frå eit lengre opphald i det frilynte Europa for å være med på opninga av Kammerherre Alvings barndomsheim innhentar fortidas synder Helene Alving i hennas forsøk på å frigjere seg frå dei i nåtida.
Kan gamle synder gjerast godt igjen ved å uttale dei? Eller er skaden uoppretteleg?
«Denne bog er trods sin eminente betydning ikke det fuldkomneste Drama, han har skrevet, men den er den nobleste Handling i hans literære Liv» -Georg Brandes om Gengangere, Morgenbladet i København 28. desember 1881.
Teater Ibsens eigen teatersjef, Bo Anders Sundstedt, har regi og med seg har han Christina Lovery som scenograf og kostymedesigner. Maren Elle (KORK) har komponert musikken og saman med skodespelarane Dagrunn Anholt, Mees Borgman, Hadle Reisæter, Hanne Amalie Smedstad og Åsmund- Brede Eike skal dei skape ei intim og nær fortelling om ein families fasade i oppløysning, der Ibsen retrospektive grep blir satt på spissen og tekstens kvalitet ivaretatt.
«Digterens egen Mening faar søges i kompositionen og jeg tænker, at i den fejrer ikke Usædeligheden nogen synderlig stor Triumf.» - Bjørnstjerne Bjørnson
På scena;
Dagrun Anholt - Fru Alving
Hadle Reisæter - Pastor Manders
Mees Borgman - Osvald
Åsmund Brede-Eike - Snekker Engstrand
Hanne Amalie Smestad - Regine
Team
Regissør: Bo Anders Sundstedt
Dramaturg - Åste Marie Bjerke
Komponist - Maren Elle
Lysdesigner - Tuva Grøterud
Kostymedesigner/Scenografi - Christina Lovery