Teater Ibsen: Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik

Om arrangementet

Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik og Herborg Kråkevik har ei høna plukka med dei fleste, og i alle fall det meste, og ut på den galeien er ikkje Linda tung å be heller. Og slik går fort ein time og tjue minuttar!

For der forfedrene våre tok den tunge men forfriskande samtalen mens dei sat i fred og ribba høner for fjær, tek Kråkevik og Eide samtalen for open scene. Og uansett om den eine er antik og den andre er retro; ein ting er dei lynande einige om: Fornuften har fordufta! - Og tok med seg den befriande galskapen i same slengen. Men i kveld er begge deler tilbake, også takka vera framsyningas musikalske stålfundament, trekkspelvirtuos og romsdaling, Heine Bugge.

 

Velkomen til samtale, songar, karakterar, forteljingar, foredrag, og ein god slump Herborg, Linda og Heine.

 

Forestillinga er ei samproduksjon mellom Teater Ibsen og Det Vestnorske Teater.

 

Kunstnarleg lag:

Av: Linda Eide og Herborg Kråkevik.

Med: Linda Eide, Herborg Kråkevik og Heine Bugge.

Regi: Arvid Ones.

Scenografi: Lise Christensen.

Lys- og videodesign: Einar Bjarkø