Teater Ibsen: Skilsmissedalen

Om arrangementet

 Ei teaterballade om kjærleik, svik og sakn, basert på novellesamlinga med same namn av Skiensforfattaren Stian Johansen.

Med beksvart humor, countrymusikk og ein lengt etter kompromisslaus kjærleik tek vi dykk med på ei framsyning som vil trøyste, gje håp og rense ut alt grumset frå tidlegare forhold. For i enden av tunnelen finst det lys – det er i alle fall det vi må håpe på.

I ein bar har nokre menneske samla seg for å fortelje om livet når alt fell saman. Bartendaren har nettopp funne ut at kona er utru, og no veit han ikkje kva han skal gjere. Skal han gå eller bli? Fordele barna? Han orkar ikkje ein gong ordet «fordele». I staden inviterer han til ein kveld i baren for å høyre andre sine historier. Kanskje han kan forstå kona, seg sjølv og situasjonen betre ved å høyre på andre sine erfaringar? Thomas og Maria fortel om då dei flytta tilbake til Skien og ekteskapet rauk. Silje og Jim har køyrt seg fast i kranglar om materielle behov, og Silje spør seg om det i det heile tatt er mogleg å snakke normalt saman og møte kvarandre på nytt. Bartendaren mimrar tilbake til tida då han redda kompisen frå eit dødfødt forhold.

Novellesamlinga Skilsmissedalen av Stian Johansen tek for seg det lille og attkjennelege livet til folk i den middels store byen Skien. Novellene tek oss med til heilt vanlege menneskeliv og spørsmåla dei stiller seg etter ein krangel, utroskap eller ein skilsmisse. Det er jo stort sett ikkje geopolitikk som pregar kvardagen vår, men spørsmål som: Elskar eg han framleis? Kan eg tilgi? Kva med barna?

Tekstane er humoristiske, og språket nådelaust ærleg.

Velkomen til ein sorgmunter, musikalsk kveld i teateret, der vi kan le, gråte og finne ut av ting saman.

Linn Olsen (Vaffelhjarte, Billy Elliott) er tilbake i registolen. Jon Solberg (Ni Liv) vil spele nydeleg musikk. Hadle Reisæter, Kamilla Grønli Hartvig, Sondre Krogtoft Larsen og Dorina Marie Iversen er skodespelarane som vil gje karakterane liv. Novellesamlinga er dramatisert og bearbeidd av dramaturg Åste Marie Bjerke.

Spilletid: ca 80 min u/pause

Utdrag fra Skilsmissedalen

«Og hvis de virkelig mener det de sier til hverandre, i senga, i mørket, sa? ligger de sammen, kanskje for første gang pa? seks uker, eller seks ma?neder, ganske forsiktig i begynnelsen, deretter villere, eller kanskje de ikke ligger sammen, at det ikke er nødvendig for a? vise at de mener alvor og at de elsker hverandre, kanskje det viser hvor sterk kjærligheten er, men at de stryker pa? hverandre og legger seg innat, glemmer barna som heldigvis pleier a? komme inn i løpet av natta, sier hyggelig ting, eller kanskje ikke hyggelig, men at de i alle fall snakker, om at de ikke trenger a? ligge sammen hver gang de tar pa? hverandre, og sa? sovner de begge to, forha?pentligvis begge to, og forha?pentligvis mener de det de har sagt, morran etter, og at den morran blir bra, uansett om unga ikke gjør som de sier, eller sitter rolig, og kanskje, om de er griseheldige, sa? ligger de stille sammen mens unga er i stua og ser film.»

  -Stian Johansen, Skilsmissedalen, 2021