Teater Ibsen: Vaffelhjarte

Om arrangementet

Velkommen til årets familieforestilling med Teater Ibsen.  "Vaffelhjarte" av Maria Parr er ei varm og musikalsk forestilling om venskap, familie, vaflar og ikkje minst det store spørsmålet: Når blir ein eigentleg bestevenner? Må ein spørje fyrst eller er det bare noko ein er?

Trille og Lena er naboar i Knert-Mathilde -  ei lita bygd ein eller annan stad i Noreg.  Dei ser kvarandre kvar dag og støttar kvarandre gjennom små og store bekymringar i livet, i tillegg til at dei finn på så mykje. Ingenting er kjedeleg synes Trille, når Lena er i nærleiken. Men ein dag skjer det noko som kan snu opp-ned på heile livet for dei to gode naboane. Mammaen til Lena har fått seg kjærast og dei må flyta inn til byen. Kva skjer då med Trille og Lena?

Var dei bare gode naboar eller er dei bestevenner som held saman i tjukt og tynt?

Bak forestillinga står eit stødig team med Linn Olsen på regi og Silje Sandodde Kise har laga scenografien. Espen Gjelstad Gundersen er musikalsk ansvarleg. Vaffelhjarte er basera på debutboka til Maria Parr som kom ut i  2005. Sidan har det blitt både tv-serie og teaterforestilling. Parr har også har skrive Tonje Glimmerdal og keeperen og havet m.fl.  Forestillinga  er dramatisert av Jesper Halle med musikk av Odd Nordstoga.

På scenen
Ole Henrik Risøy Solheim, Hadle Reisæter, Bibi Nerheim, Håkon Moe, Dorina Marie Eldøy-Iversen.

Musikalsk ansvarlig: Espen Gjelstad Gundersen

Team

Teatersjef: Bo Anders Sundstedt
Dramatiker: Jesper Halle
Komponist: Odd Nordstoga
Regi: Linn Olsen
Scenografi/Kostyme: Silje Sandodden Kise
Lysdesigner: Silje Grimstad

Produsert etter ei avtale med: Teaterforlaget Songbird AS.

Speletid
90 min + pause (20 min)