The Creedence Experience med Fortunate Sons
Billetter
Om arrangementet
På med ruteskjorta og bli med på allsang!
Noregs mest hardtarbeidane tributeband, Fortunate Sons, skal ut på nye eventyr. Med seg i sekken har dei eit 15-årsjubileum, eit 55-årsjubileum og allsong-låtar som Cotton Fields, Have you ever seen the Rain, Down on the Corner, Good Golly Miss Molly, Proud Mary, Midnight Special og mange fler. Bandet byr på allsang- og ruteskjortegaranti i eit show som både unge og gamle rockenostalgikarar MÅ få med seg!
Turneen startar i 2023, eit år som for Fortunate Sons inneber to jubileum. Bandet sjølv har då halde på i 15 år, land og strand rundt i heile Noreg med det Creedenske evangeliet. Men i 2023 er det også 55 år sidan originalane i CCR slapp sitt sjølvtitulerte debutalbum, som var starten på ferda mot å bli eit av verdas største (og mest undervurdera) rockeband, som har vore elska på tvers av generasjonar sidan.
I showet "The Creedence Experience" trekkjer Fortunate Sons med seg det beste frå publikumssuksessane Creedence StoryNight, CreedenceMania 1970 og Cosmos Factory 50, og serverar publikum eit heiltstøpt show som set i gang både rockefoten, allsongen og nostalgien for musikkelskarar i alle aldrar.
Dette er showet du ikkje kan gå glipp av, så på med ruteskjorta og bli med på allsangen!