The Johnny Cash & June Carter Show med The Boys named Sue
Billetter
Om arrangementet
Norges mest hardtarbeidande Johnny Cash-band, the Boys named Sue, markerar i 2022 10 år med Johnny & June.
Og det gjer dei sjølvsagt ved å gjera det dei er best på; reise land og strand rundt med den fantastiske musikken til Johnny Cash & June Carter.
Dei tar med seg publikumsfavoritten The Johnny Cash & June Carter Show inn i jubileumsåret, og presenterar eit finslipa og country-krydret show bygd rundt låtar som Ring of Fire, Jackson, It ain´t me, Folsom Prison og Times a waistin.
Som alltid med The Boys named Sue står dynamikken mellom Johnny og kona hans June sentralt. Marianne Jagland stadfestar i showet sin posisjon som heile Norges June Carter, og The Boys named Sue beviser igjen at dei er Norges mest underhaldande Johnny Cash-band, med ein unik evne til å skape allsong og liv.
Så møt opp for ein "helaften" i countryrockens tegn, og bli med å hylle The Man in Black og hans minst like talentfulle kone.