Vinje barneteater framsyner: "Kongsdøttane"

Billetter

Om arrangementet

«Kongsdøttane" er ei framsyning som byggjer på balladen om dei tvo kongsdøtrene. Det er ei dramatisk soge om korleis desse døtrene vart selt til tyrken for to tunner gull av mor si og korleis dei fann vegen heimatt der det vart stor oppstandelse ! Kva som hende får du oppleva i framsyninga.

Det er Vinje barneteater som fekk ideen og som har arbeidd dette fram til ein folkemusikkal.

Her er det  19 born og unge frå kommunane  Tinn, Tokke, Seljord, Gransherad og Vinje.

Framsyninga har desse vaksne hjelparane : REGI / KOREOGRAFI Hæge Manheim og Aasmund Nordstoga; sjef for koreografi, elles Vilde Westeng, Neri Bakkjen, Torjus Bakken.

 

Ansvarleg leiar : Ellen Nordstoga