Wonka

Om filmen

Originaltittel: Wonka

Premiere: 2023-12-08

Varighet: 1t 56min

Sjanger: Familiefilm

Aldersgrense: 6

Originalspråk: Norsk

Regissør: Paul King

Kjem med både norsk og engelsk tale! "Wonka", basert på den fantastiske rollefiguren i sentrum av Charlie og sjokoladefabrikken, Roald Dahl si mest kjende barnebok - ei av dei mestselgjande barnebøkene gjennom tidene -, fortel den utrulege historia om korleis verdas beste oppfinnar, magikar og sjokolademakar vart den høgt elska Willy Wonka slik me kjenner han i dag.

Frå Paul King, manusforfattar og regissør av "Paddington"-filmane; David Heyman, produsenten bak "Harry Potter"-serien og produsentane Alexandra Derbyshire ("Paddington") og Luke Kelly ("Roald Dahls Heksene"), kjem ein nydeleg mix av magi og musikk, kaos og kjensler, fortalt med mykje kjærleik og humor. Med Timothée Chalamet i hovudrolla, introduserer denne uimotståelege og fantasifulle kinofilmen publikum for ein ung Willy Wonka, proppfull av idear og med mål om å endre verda. Filmen syner korleis dei beste tinga i livet startar med ein draum, og dersom du er heldig nok til nokon gong å møte Willy Wonka, så er alt mogleg. Warner Bros. Pictures presenterer, saman med Village Roadshow Pictures, ein Heyday Films-produksjon, ein Paul King konfeksjon, "Wonka" - på kino 8. desember.