Barnas jul med Erik & Kalle

Om arrangementet

Erik & Kalle er tilbake igjen! Klare for å spre latter, joleglede, og jolemagi i adventstida

I 2016 kom idéen om å lage eit juleshow for barn som skulle turnere rundt på kulturhus i Noreg. No, 10 år seinare, har dette blitt ein fast tradisjon mange stader, og både barn og vaksne strøymer til år etter år for å sjå Erik, Kalle og fleire av dei andre figurane førebu seg til jul.

Her blir det buk­taling på høgt nivå, trylling og magi, julesongar, julestemningsgaranti – og kanskje det viktigaste av alt: masse latter og humor. Erik Mogeno sitt varemerke er den ekte kontakten han har med barna under showet, og måten han trekkjer inn humor for dei vaksne på, utan at det går utover barna. Showet er det einaste i sitt slag i Noreg – og du er herved invitert!

Og kven veit … kanskje klarer vi å trylle fram den ekte julenissen òg

Varigheit: ca. 75 min

Passar for: Familieframsyning for alle frå 3 år og oppover

Billettar:

Vaksne: 300kr

Born opp til 12 år: 200,-

Familiepakkepris ved bestillinga av 5 billettar eller meir: 200kr