Foajekonsert med jolestemning

Om arrangementet

Velkomen til ei lun og stemningsfull førjulskveld i vestibylen på Granvin kulturhus!

Kulturskulen inviterer til ein triveleg konsert der både vaksne elevar, barnekoret og unge talent frå kulturskulen skaper ekte jolestemning med musikk og song. Her får du alt frå vakre joletonar til små musikalske overraskingar – alt i ein uformell og varm atmosfære.

Medverkande:
– Kristin Johanne Kleiv
– Jan Gunnar Haugen
– Barnekoret
– Elevar frå kulturskulen

Gratis inngang – berre møt opp og nyt ei fin stund saman med oss.
Ta med deg familie og vener og kom i jolemodus på Granvin!