Frå A til Å: Analog jazzband & Ågapet mannskor
Billetter
Om arrangementet
Frå A til Å – ein konsert om musikk og menneske
Etter suksessen i fjor er Analog Jazzband og Ågapet Mannskor tilbake med ein ny og større satsing i kinosalen på Granvin.
Årets konsert tek utgangspunkt i noko vi alle kjenner på: Korleis musikken påverkar oss. Korleis vi reagerer, korleis vi kommuniserer – med kvarandre og gjennom tonar. I ei tid som kan opplevast både urolig og ustabil, ønskjer vi å skape eit rom for fellesskap, humor, varme og ettertanke.
Vi får høyre musikk av mellom andre Ray Charles, Willie Nelson, Bruce Springsteen og Alf Prøysen. Frå swingklassikarar som When You’re Smiling og Pennies from Heaven, til sterke låtar som Always on my Mind, Georgia og If I Should Fall Behind – der publikum også blir invitert med.
Med gjestar: Tom Bråthen, Vidar Ytre-Arne, Elin Reinstaul
Dette blir ein kveld med jazz, korsong, solistar, humor og varme. Ein konsert frå A til Å – bokstaveleg tala.
Velkomen til ein kveld der musikken bind oss saman
