Haustfest med Seljord og Kviteseid leikarring

Om arrangementet

Seljord og Kviteseid leikarring inviterer til ein kveld med dans, levande musikk og god mat laurdag 14. november!

Alle danseglade er hjarteleg velkomne!

På programmet:

  • Seljord folkemusikklag ved Torunn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen spelar turdans og bygdedans
  • Toradergruppa Sokkelesten frå Drangedal spelar opp til gammaldans
  • Ragnar Haugstøl kvedar
  • Songdans

Tid: Laurdag 14. november 2026 kl. 18.00 til 24.00
Stad: Granvin kulturhus i Seljord
Pris: 500 kr, inkludert lapskaus, kaffi og kaker. Drikke får du kjøpt i baren.

Påmelding innan torsdag 5. november til:

Jon Funner: 97 78 49 56
Reidun Øverland: 91 15 93 48
Betaling til kontonummer 2711.20.31745. Hugs å merke betalinga med namn.

Av omsyn til matbestillinga er det fint om beskjed innan torsdag 12. november dersom du likevel ikkje kan kome.

Velkomen til haustfest!