Internasjonal mat og kulturfest
Om arrangementet
Ein kveld. Mange land. Uendeleg med smakar.
Granvin kulturhus fyllast igjen med lukt av krydder, latter og liv når Seljord Røde Kors inviterer til Internasjonal mat og kulturfest i samarbeid med Vaksenopplæringa i Seljord, Seljord folkehøgskule og Granvin kulturhus.
Her får du smake rettar frå ulike delar av verda laga av folk som bur midt iblant oss.
I fjor kom over 360 gjester for å smake på verda. I april gjer me det igjen, for i år feirar me 10-årsjubileum for matfesten!
Seljord folkehøgskule bidreg med underhaldning, og heile huset blir fylt av matglede og kulturmøte.
Ta med familie, vener og naboar og kom svolten.
Har du lyst til å vere matlagar på årets internasjonale matfest?
Seljord Røde Kors søkjer deg som vil lage mat til Internasjonal mat og kulturfest på Granvin kulturhus.
Del ein rett frå landet du kjem frå, eller ein norsk rett med ei god historie.
Er du interessert eller ynskjer meir info?
Ta kontakt:
?? inesp4651@gmail.com
?? 917 95 558
Velkomen til ein kveld der me smakar på verda ??
