Konsert med Kenneth Bø

Om arrangementet

Kvar blei det av den amerikanske draumen?

Kenneth vaks opp i USA i ei tid då den amerikanske draumen var vital, levande og relevant. 60-tallets Amerika var ein draum for mange. Kenneth opplevde denne tida på nært hald.

Midt i ungdomstida flytta han til Norge og blei Seljording.

Kenneth skriv og framfører songar i ein country/americana tradisjon, der historiefortellinga har fokus. Tekstane tek ofte utgangspunkt i amerikansk samfunnsliv på godt og vondt. 

Frå Seljord ser Kenneth tilbake på denne tida og spør seg; Kvar blei det av den amerikanske draumen?

Medverkande:
Kenneth Bø - sang/gitar
Jo Henning Kåsin - gitar/ukulele
Geir Jensen - bass
Oddbjørn Aase - slagverk
Ragnhild Knudsen - bratsj
Åsne Omtveit - fiolin

Kristin Johanne Kleiv - piano/song

Gratis inngang