Lanseringsarrangement for stadnamnprosjektet i Seljord

Om arrangementet

No nærmar tida då stadnamnprosjektet i Seljord er ferdig, og dette ynskjer me å markere.

Vest Telemark museum og Seljord bibliotek inviterer derfor alle som har vore med i prosjektet, alle som er nyfikne på kva dette har handla om og alle andre som er nyfikne på korleis innhaldet i databasen kan bli bruka, til biblioteket i Seljord, tysdag 16. juni kl. 19.00.

Det blir servering av kake og kaffe, godt lag og rom for hyggelege samtaler. Prosjektleiar orienterer om prosjektet, og syner noko av resultata. Prosjektleiar vil også syne og fortelje om korleis me kan ta i bruk databasen, som frå då av er tilgjengeleg i ein open database som alle kan bruke.

Me vonar så mange som mogleg tar turen. Svært mange har vore med på ulike måtar, og me ynsker å rette ein spesiell takk til desse. Det har blitt lagt ned svært mange timar og eit stort stykke arbeid er ferdig.

Inviter gjerne med fleire som du kjenner til ein hyggeleg kveld!