Musikkbingo: Blanda drops
Billetter
Om arrangementet
Etter ein lang sommar er det endeleg tid for å opne dørene igjen.
Fredag 21. august inviterer me til sesongens aller første arrangement på Granvin kulturhus – og me startar som me meiner: med musikk, latter og bingo.
Temaet for kvelden er Blanda Drops, ei fargerik blanding av låtar frå ulike tiår, sjangrar og artistar. Her kan alt dukke opp – frå Vengaboys og Backstreet Boys til Roxette, Def Leppard og Hellbillies.
Som vertar denne kvelden har me fått med oss Heidi Strånd og Oddny Norgaard, noko me gler oss ekstra til. Med godt humør og ein musikalsk godtepose på lur skal dei lose oss gjennom sesongstarten.
Musikkbingo er enkelt å vere med på. Me spelar utdrag frå kjende låtar, og du kryssar av på bingoarket ditt. Ingen krav til musikkunnskap – her handlar det først og fremst om å ha det moro saman.
Ta med vener, familie eller kollegaer og bli med på ein kveld fylt med musikk, nostalgi og god stemning.
Velkomen til sesongstart på Granvin kulturhus!
Vors frå kl 19:00
Bingostart kl 20:00
Aldersgrense 18 år
