Musikkbingo: To tørste menn rider igjen

Om arrangementet

Kvifor er det slik at pop- og rockemusikarar ofte endar opp med meir rus enn øvingstimar? 

Gir rusen dei genial inspirasjon, eller er det berre ein effektiv måte å sleppe unna kvardagen på?
Er det eigentleg rocken som fører til rusen, eller rusen som fører til rocken?

Geir og Øyvind alias "To tørste menn" tek ikkje mål av seg til å gje deg svaret, men dei stiller villig opp med fasit i form av musikk. Frå Thin Lizzys Whiskey in the Jar og George Thorogoods One Scotch, One Bourbon, One Beer til Amy Winehouses Rehab

Gutta lovar ei musikalsk reise gjennom tørste klassikarar, og leiar deg gjennom musikkbingo med meir galskap enn fasitsvar

Vors frå kl 19:00
Bingostart kl 20:00
Aldersgrense: 18 år