Norsjø Kammermusikkfest 2026

Om arrangementet

Norsjø Kammermusikkfest ynskjer publikum velkomen til kammerkonsert i Gamlesalen på Granvin kulturhus

Konserten byrjar med eit ungdomsverk av Ludvig van Beethoven, ein pianokvartett han komponerte som 14–15-åring. Den unge cellisten Fredrik Heistø Carlsen, vinnar av Midgardprisen 2025, framfører verk av Maria Theresia von Paradis og Richard Strauss saman med Kasparas Mikužis ved klaveret.

Vi får òg oppleve eitt av Seljord sine unge talent, pianisten Helena Dybdahl, som framfører Chopin.

Konserten sitt hovudverk, Wolfgang Amadeus Mozart sin klarinettkvintett, vert framført av våre fire fantastiske strykarar med klarinettist Gerbrich Meijer i spissen.

Gled dykk til ein kveld med vakre og elegante kammertonar!

Program for kvelden.

«Meistrane frå Wien»
Varigheit: om lag 1 time og 45 minutt
Konferansier: Vidar Ytre-Arne

Ludwig van Beethoven (1770–1827)
Pianokvartett nr. 3 i C-dur, WoO 36

1. Allegro vivace
2. Adagio con espressione
3. Rondo: Allegro

Ludvig Gudim, fiolin
Eivind Ringstad, bratsj
Senja Rummukainen, cello
Kasparas Mikužis, klaver

Frédéric Chopin (1810–1849)
Vals nr. 2 i h-moll, op. 6
Helena Dybdahl, klaver

Maria Theresia von Paradis (1759–1824)
Sicilienne
Fredrik Heistø Carlsen, cello
Kasparas Mikužis, klaver

Richard Strauss (1864–1949)
Cellosonate i C-dur, op. 6
1. Allegro con brio

Fredrik Heistø Carlsen, cello
Kasparas Mikužis, klaver

Pause

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791)
Klarinettkvintett i A-dur, K. 581

1. Allegro
2. Larghetto
3. Menuetto
4. Allegretto con variazioni

Gerbrich Meijer, klarinett
Noa Wildschut, fiolin
Ludvig Gudim, fiolin
Eivind Ringstad, bratsj
Senja Rummukainen, cello