Revypub

Om arrangementet

REVYPUB – før, under og etter!

Når Seljord Revylag fyrst set i gang, kan du like godt gjere det skikkeleg. Revypuben på Granvin er open begge kveldane – både før og etter framsyning

Fredag 13. mars kl 18.00–00.00
Laurdag 14. mars kl 17.00–00.00

Kom gjerne før og kos deg med noko godt i glaset. Bygg opp stemninga, ta praten, og lad opp til latterkrampe

Etterpå held me det gåande. Ikkje spring heim – gjer det til ein heilaften

Og ja – du kan ta med deg drikke inn i salen

Velkomen til revypub. Dette blir sosialt, ujålete og akkurat passe kaotisk