Rutete Ninja 3
Billetter
Om filmen
Originaltittel: Ternet Ninja 3
Premiere: 2026-01-09
Varighet: 1t 28min
Sjanger: Komedie, Animasjon
Aldersgrense: 12
Originalspråk: Norsk
Regissør: Anders Matthesen, Thorbjørn Christoffersen
Asgeir blir trekt tilbake i ninjaeventyret når gamle fiendar, nye mysterium og uventa avsløringar dukkar opp, i eit vilt, morosamt og actionfylt gjensyn med Rutete Ninja.
Asgeir er oppteken av tenåringslivet og har ikkje så mykje tid til Rutete Ninja og ninjatrening. Kva er eigentleg vitsen? Dei har jo ingen skurkar å slåst mot uansett. Og Eberfrø omkom jo under mistenkjelege omstende i eit fengsel i Thailand. Ei ny, søt jente byrjar på skulen, men kven er ho eigentleg? Og kven er faren til Asbjørn? Og er Eberfrø eigentleg død? Svara på dette får du ikkje før du ser filmen Rutete Ninja 3. Kva med onkel Stewart, tenkjer du? Ingen grunn til uro: han er med. No i lakk og lær.
