Sauedetektivene

Om filmen

Originaltittel: The Sheep Detectives

Premiere: 2026-05-08

Varighet: 1t 43min

Sjanger: Komedie, Familiefilm

Aldersgrense: 6

Originalspråk: Norsk

Regissør: Kyle Balda

Ei fårete forteljing for heile familien!

Sauedetektivene er ein morosam og spanande film for heile familien. Me følgjer gjetaren George Hardy, som elskar sauene sine og les høgt frå krimbøker for dei kvar kveld. Det George ikkje veit, er at dei sylskarpe sauene forstår kvar einaste finurlege detalj og diskuterer leietrådane i time etter time. Når deira kjære George brått døyr under mystiske omstende, skjønar flokken raskt at dette ikkje er ei ulykke, men ei ekte kriminalsak! Med ein lokal politimann som er på djupt vatn, bestemmer dei modige sauene seg for å forlate den trygge, irske enga for aller fyrste gong. No må dei bruke all si kløkt og samarbeidsevne for å løyse mysteriet og redde familien sin!