Folkemøte om Seljord si framtid

Om arrangementet

Samfunnet er i endring.

Me blir fleire eldre, færre born og unge, og færre yrkesaktive per innbyggjar. Samstundes får kommunane mindre økonomisk handlingsrom. Det gjer det viktigare enn nokon gong å vere tydeleg på kva kommunen kan og skal gjere – og kva me som innbyggjarar må bidra med sjølve.

Onsdag 29. april inviterer Seljord kommune til folkemøte om korleis me møter dette saman.

Innleiar er Håvard Moe frå NIVI analyse, som kjem med eit blikk utanfrå på Seljord. Han har jobba med over 300 kommunar innan økonomi, omstilling og utvikling.

Det blir også paneldebatt, leia av Øystein Øygarden frå Vest-Telemark Blad.

Send gjerne inn spørsmål på førehand
Eller ta ordet i salen
Alle er velkomne - ta med ein nabo og bli med i samtalen

Tid: 18.00–20.30
Stad: Kinosalen på Granvin kulturhus
Enkel servering

Velkomen!

Les meir her