Seljordkappleiken: konsert

Om arrangementet

KONSERT: Leiv Sandsdalen 200 år

I år markerer me noko heilt spesielt: Det er 200 år sidan storspelemannen Leiv Sandsdalen vart fødd. Leiv (1825–1896) budde det meste av livet sitt på Nedre Sandsdalen i Seljord, og har sett djupe spor etter seg i folkemusikken både lokalt og nasjonalt. Faren hans var spelemann og handverkar Øystein Langedrag – og arva etter Leiv lever vidare!

Denne viktige jubileumsmarkeringa blir feira med ei heil helg fylt av folkemusikk, dans, tevling og gode møte på Granvin.

Ein kveld til ære for Leiv og arven hans. Me har invitert ei rekkje framifrå utøvarar og formidlarar frå heile landet:

Leiv Sandsdalen – i fokus
Ingebjørg Lognvik Reinholdt, kveding
Magnhild Garnås Haugen, kveding
Sara Fjågesund Aase, hardingfele
Lars Erik Øygarden, hardingfele
Ragnar Haugstøl, kveding
Knut Buen, hardingfele
Alf Tveit, hardingfele
og fleire…

Det blir dansefest etter konserten, så ta med danseskoa!

Pris konsert inkl. dansefest: kr 300/ 200/ born under 16 år gratis