Kulturskulens sommarkonsert

Om arrangementet

Velkomen til Kulturskulens sommarkonsert på Granvin kulturhus

Denne kvelden fyllast huset med musikk, speleglede og flinke elevar i alle aldrar når kulturskulen inviterer til den tradisjonelle sommarkonserten på Granvin. Her får publikum oppleve både små og store elevar saman med lærarane i kulturskulen gjennom eit variert program med ulike instrument, song og samspel.

Sommarkonserten er ei fin avslutning på kulturskuleåret og ei anledning til å sjå noko av alt elevane har jobba med gjennom året. Det blir både kjente tonar, nye musikalske opplevingar og god stemning frå scena.

Ta med familie, besteforeldre og vener til ein triveleg sommarkveld på Granvin

Billettar:
Vaksne: 120 kr
Barn under 18 år: gratis