Styrkeveka 2025 - Kva kan du vinne på å trene som godt vaksen?
Billetter
Om arrangementet
Tema: Kva kan du vinne på å trene som godt vaksen?
Denne veka markerar Sterke-Nils og Seljord kommune Styrkeveka — ein landsomfattande innsats for å rette søkjelyset mot betydninga av styrketrening som del av ei god helse og betre funksjon.
Budskapet er tydeleg: Det er aldri for seint å bli litt sterkare — og det spillar inga rolle kor du gjer det, bare du gjer det.
Målet er å inspirere til enkel, regelmessig styrketrening — for alle aldrar og nivå.
Gratis og ope for alle.
Me serverar kaffe, te og vatn.
Arrangert i samarbeid med Sterke-Nils senteret, Seljord kommune og Seljord bibliotek.
Sjå granvinkulturhus.no for fult program: STYRKEVEKA 2025
Tema: Kva kan du vinne på å trene som godt vaksen?
Foredragshaldar: Fysioterapeut Mette Mo
- Gjennomgang av alle fordelar ved auka aktivitet
- Korleis bremse ulempene ved aldringsprosessen!