Eldreveka 2026: Meistre livet heime og leve livet godt ute
Billetter
Om arrangementet
Meistre livet heime og leve livet godt ute
Sterke Nils senteret markerer den nasjonale Eldreveka i veke 40!
Me inviterer til gratis foredrag på storskjerm i Gamlesalen, sosialt samvær og fagleg påfyll. Dørene opnar ein halvtime før sendinga, og etter foredraget inviterer me til ettersnakk. Kom åleine eller saman med andre, møt andre seniorar og slå av ein prat med fagpersonar frå Sterke Nils senteret.
Det blir sal av kaffi, vaflar og anna godt i Teaterkafeen.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Du treng ikkje vere medlem på Sterke Nils.
TEMA: Meistre livet heime og leve livet godt ute
Å bu heime lenger handlar ikkje berre om å klare seg sjølv, men om å leve eit godt liv, også utanfor heimen. I dette foredraget viser Norsk Ergoterapeutforbund korleis små grep i kvardagen kan gjere det lettare å meistre aktivitetar heime, samtidig som ein kan delta i sosiale og meiningsfulle aktivitetar i nærmiljøet.
Du får konkrete eksempel og praktiske råd som kan bidra til auka tryggleik, sjølvstende og deltaking. Målet er å inspirere til ein aktiv og meiningsfull kvardag både heime og ute, og synleggjere korleis ergoterapeutar kan bidra til at dette blir mogleg.
Vil du få med deg meir? Sjå fullt program for resten av Eldreveka her
