Eldreveka 2026: Fleire gode år med ein kropp i rørsle
Billetter
Om arrangementet
Fleire gode år med ein kropp i rørsle
Sterke Nils senteret markerer den nasjonale Eldreveka i veke 40!
Me inviterer til gratis foredrag på storskjerm i Gamlesalen, sosialt samvær og fagleg påfyll. Dørene opnar ein halvtime før sendinga, og etter foredraget inviterer me til ettersnakk. Kom åleine eller saman med andre, møt andre seniorar og slå av ein prat med fagpersonar frå Sterke Nils senteret.
Det blir sal av kaffi, vaflar og anna godt i Teaterkafeen.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Du treng ikkje vere medlem på Sterke Nils.
TEMA: Fleire gode år med ein kropp i rørsle
Aktive val som gir energi og livskvalitet etter 60
Fysisk aktivitet for eldre. Kvifor og korleis
Måndag 28. september
Dørene opnar kl. 14.30
Webinar kl. 15.00
Ope for prat og spørsmål til ca. kl. 16.00
Vil du få med deg meir? Sjå fullt program for resten av Eldreveka her
