Eldreveka 2026: Ta vare på hjernehelsa: forstå, førebygg, styrk

Om arrangementet

Ta vare på hjernehelsa: forstå, førebygg, styrk

Sterke Nils senteret markerer den nasjonale Eldreveka i veke 40!

Me inviterer til gratis foredrag på storskjerm i Gamlesalen, sosialt samvær og fagleg påfyll. Dørene opnar ein halvtime før sendinga, og etter foredraget inviterer me til ettersnakk. Kom åleine eller saman med andre, møt andre seniorar og slå av ein prat med fagpersonar frå Sterke Nils senteret.

Det blir sal av kaffi, vaflar og anna godt i Teaterkafeen.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Du treng ikkje vere medlem på Sterke Nils.

TEMA: Ta vare på hjernehelsa: forstå, førebygg, styrk
Kva er hjernehelse, og kvifor er det viktig å ta vare på den, også når du blir eldre?

I dette foredraget møter du ein samtale mellom Nasjonalt senter for aldring og helse og Helsedirektoratet. Samtalen handlar om kvifor det er viktig å ta vare på hjernehelsa, og kva som påverkar den, både på kort og lang sikt.

Du får konkrete og enkle tips til kva du sjølv kan gjere for å ta vare på hjernehelsa. Du får også ein kort introduksjon til den nye nasjonale hjernehelsestrategien, og erfaringar frå Hjerneløftet og eit pilotprosjekt i kommunar som prøver ut nye måtar å nå innbyggjarar med førebyggande råd.

Set av ein halvtime og invester i di eiga hjernehelse.

Måndag 28. september
Dørene opnar kl. 12.30
Webinar kl. 13.00
Ope for prat og spørsmål til ca. kl. 14.00


Vil du få med deg meir? Sjå fullt program for resten av Eldreveka
her